|
I 2009 har Knut Hamsun-laget i Lom hatt stor aktivitet, og vi har vore med
på mange arrangement i Noreg og i utlandet. Stort sett har styreleiar Torunn Kjøk og
nestleiar Leif Hamsun representert laget, men andre medlemmar har også gjort ein stor
innsats. Spesielt har det vore eit aktivt år for Lars Frode Larsen og Ingar Sletten
Kolloen.
Januar:
Opning av Hamsun-salongen på Hurtigruta Midnatsol som låg ved kai i Oslo, og
lansering av jubileums-vinen vår i Oslo.

Bjarne Buset og Ronald Altinius i Hamsunsalongen

Hedvig Rassmusen, Leif Hamsun og Knut Listerud i Hamsunsalongen på Midnattsol
Februar:
Lansering av jubileums-vinen på Fossheim Hotell i Lom. Ca. 20 personar deltok Offisiell
opning av Hamsun-jubileet på Nasjonalbiblioteket og i Oslo Rådhus.

Svein Garmo på Fossheim Hotell gjer klar til vinsmaking.

Styret i Knut Hamsun-laget under lansering av Jubileumsvinen på Fossheim.
*Opning av Hamsunjubileet 19.02.2009
Frå Sult-forestillinga i Oslo
Mars:
Lansering av jubileumsboka Knut Hamsun i Bjørnsons og Undsets
rike i samband med årsmøtet i Kvila.

Forsida på jubileumsboka er laga av Kjell Bendiksen
April:
Hamsun-Selskapets Oslo avdeling arrangerte Hamsundagar på
Litteraturhuset i Oslo heile veke 17.

Leif og Ingar i samtale om Hamsun og Nørholm
Juni:
Opning av Hamsun-utstilling på Kjerringøy, og avduking av
Hamsun-byste i Grimstad
Markens Grøde med Juni
Dahr og Gard B. Eidsvold på Garmostrædet. Ei fantastisk formidling av dei to
skodespelarane, og publikum hadde ei stor teateroppleving på låven. Styret la ned mykje arbeid for å få dette til. Vi er også svært takksame
for den store velviljen vi møter på Garmostrædet, og takkar for arbeidsinnsatsen Georg
Sole la ned.
*
Knut Hamsuns barnebarn: Leif, Anne Marie og Ingeborg ved avdukinga av Hamsun-byste i
Grimstad. (Foto: Hedvig Rasmussen)

Juni Dahr ringer inn til forestilling på låven på Garmostrædet.
(Foto: Brynjulv Aartun)

Juni Dahr og Marianne Roland ved minnesteinen.
(Foto: Brynjulv Aartun)
Juni Dahr ved vogga i Hamsunstugu. Foto: (Brynjulv Aartun)

Juni Dahr og Gard B. Eidsvold som Inger og Isak. Foto. (Brynjulv Aartun.)
August:
Hamsun-jubileet i Lom/Vågå. Mesteparten av programmet bygde på den
programskissa vi la fram for snart 4 år sidan. Vi hadde spesielt ansvaret for
utstillingane; Kjell Bendiksen nye dyptrykk på Norsk
Fjellmuseum, Sérgio Calabri sine spegelvende glasmaleri i Vågå kulturhus, og filmen
Knut Hamsun i Eventyrland av Olga Zhgenti frå Georgia som vart vist på Norsk
Fjellmuseum. Torstein K. Garmo steppa inn som innleiar i staden for professor Régis Boyer
på litteraturseminaret på svært kort varsel, og gjorde ein god jobb. Vi fekk også tak
i professor Chengzhou He frå University of Nanjing, og han heldt eit interessant foredrag
om Hamsun og Østen.
Avduking av Skule Waksviks Hamsun-statue på Skultbakken.Avduking av
Hamsun-byste på Hurtigruta Midnatsol som låg ved kai i Bergen.Nyopning av
Frydenlund skysstasjon i Aurdal med Hamsun-rom.
Framsyning av O Isak på Sognefjellet 1. august (Foto Hedvig Rasmussen)
Olga Zhgenti, Georgia ved statuen av Knut Hamsun på Skultbakken
(Foto: Hedvig Rasmussen)
Forventningsfulle medlemmar før konserten i Vågå Kulturhus, Jarnfrid Kjøk til
høgre. (Foto: Hedvig Rasmussen)
Olga Zhgenti frå Georgia og Hedvig Rasmussen frå Danmakr/Tyskland på Sognefjellet
Hedvig på veg til Skultbakken (Foto Olga Zhgenti)
Jarnfrid Kjøk syng på Folkemusikkkonserten på Uppigard Garmo
(Foto Olga Zhgenti)
Professor Chengzhou He og Torunn under litteraturseminaret.
(Foto Olga Zhgenti)
Hedvig Rasmussen ved bysten av Knut Hamsun i Hamsunsalongen på MS Midnatsol (Foto:
Gert Rasmussen)
Hotellsjef Steinar Olsen på Midnattsol og Torunn Kjøk
(Foto Hedvig Rasmussen)
Kunstnaren Stina Marie Velten Eldfeldt med si byste av KNut Hamsun i Hamsunsalongen på MS
Midnattsol
(Foto Hedvig Rasmussen)
September:
Utstilling av Sérgio Calabri sine bilde på Norsk Fjellmuseum.Nasjonal Hamsunmarkering i
GrimstadLeif avduka Hamsun-byste og opna den nye Hamsunsalong på Sortland Hotel.
Hans Ivar Kristiansen heldt foredrag på Folkeuniversitet på Ringeriket
Giovanna og Sérgio Calabri med glasmaleria som var på utstillinga.
Lomseggen, gave til Lom kommune frå Sérgio Calabri
Oktober.
Leif og Ingar Sletten Kolloen heldt foredrag på Hamsunseminar i Moskva.Hans Ivar
Kristiansen heldt foredrag for elevar og lærarar ved Asker vidaregåande skole.
November:
Hamsun-semianr i Tblisi og Batumi i Georgia. Vi var med på: litteraturseminar i
Tblisi, litteraturkonferanse i Batumi, utstillingar, avduking av Hamsun-plakett,
ekskursjon i Hamsuns fotspor i Kaukasus, møte med skuleklasser og sightseeing i Tblisi og
Batumi. Folk i Georgia viser stor interesse for Hamsun og forfattarskapet hans. Leif og
Torunn heldt foredrag. Den norske delegasjonen vart teke i mot som om vi skulle vore
kongelege. John Ramberg, den norsk ambassadøren i Baku, og fleire frå hans
stab var med på alle.
Leif heldt foredrag på Hamsundag på Agder Folkehøgskole, og for fullsett
Asker Bibliotek
Offisiell avslutning av Hamsun-jubileet på Nasjonalbiblioteket i Oslo med
seminar og middag.

Tretten år gamal Georgisk pianist spelar Lyriske stykker av Edvard Grieg.

Strykeorkesteret i Batumi spelar Grieg

Rolf Steffensen og Olga Zhgenti ved Hamsunrelieffet i Nobelmuseet.

TV og radiojournalistar var med delegasjonen frå Norgr på heile turen.
Desember:
Hamsun-symposium på University of Nanjing, Kina. Professor Chengzhou He
inviterte Leif og Torunn til å halde foredrag. Elisabeth Fuchs og Bård Bårdløkken vart
med for å dokumentere turen i ord og bilde. Vi møtte interesserte studentar og
professorar frå fleire universitet i Kina, og frå Universitetet i Oslo. Det var ei glede
og svært overraskande å høyre at Hamsun framleis er så aktuell, og gjev kinesarane så
store litterære opplevingar. Vi møtte den norske konsulen i Shanghai, Per Wiggen og
kultur attaché ved den Norske ambassaden i Beijing, Tone Helene Aarvik, som gav oss dei
fire første bøkene av Hamsuns verk som nå er oversett direkte frå norsk til kinesisk.
Professor He hadde lagt opp eit svært interessant program for den norske
delegasjonen, og vi vart også her mottekne som VIPsTil å planlegge
turen fekk vi god hjelp av Rigmor Johnsen som arbeider mykje i Kina.Denne turen var sponsa
av UD, og utan hjelp frå dei, hadde vi aldri klart å finansiere turen.Vi er svært
takksame for at UD har eit program for Global kulturutveksling, og for at vi fekk
nyte godt av denne ordninga!
Professor Chengzhou He, Leif Hamsun og Torunn Kjøk ved filmplakaten som fortel om visning
av Henning Carlsens versjon av Sult frå 1966
(Foto: Bård Bårdløkken)
Elisabeth Fuchs, Torunn Kjøk og Leif Hamsun under banneret ved inngangen til
universitetet i Nanjing. (Foto: Bård Bårdløkken)
Frå Hamsunseminaret: Frå venstre Leif Hamsun, Per Wiggen, Norsk konsul i Shanghai,rektor
ved universitetet i Nanjing,
forlagsdirektør i Peoples Literature Press i Beijing, som nå har kome med fire av
Hamsuns bøker på Kinesisk, og professor Chengzhou He.Tidlegare har Hamsuns romanar vore
oversett til kinesisk frå fransk eller russisk.
( Foto: Bård Bårdløkken)
Leif Hamsun og professor Knut Brynhildsvoll ved Universitetet i Oslo i Gamlebyen i
Nanjing (Foto. Bård Bårdløkken)
Chengzhou He og Torunn Kjøk ved mausoleet til den fyrste keisaren medan Nanjing var
hovudstad i Kina. (Foto: Bård Bårdløkken)
Konklusjonen på
jubileumsåret:
Det har vore eit hektisk år med mykje arbeid, mange fine opplevingar og møte med mange
interessant og triveleg folk. Vi har erfart at Hamsun på ingen måte er umoderne eller
gløymt, i alle fall ikkje internasjonalt. Vi har fått mange nye vener, og knytt mange
kontaktar både i universitets- og reiselivsmiljø som kan føre til auka trafikk i
Hamsunstugu, på Hamsunsenteret på Hamarøy, til Grimstad og til Noreg generelt. Fleire av oss i Knut Hamsun-laget i Lom er bedne om å halde foredrag på
skolar, universitet og for litterært interesserte organisasjonar utover vinteren og
våren. M.a skal Hans Ivar Kristiansen ein tur til Universitetet i Vilnius. Etter ynskje
frå mange vi møtte i Kina og Georgia, startar vi nå å planlegge eit internasjonalt
Hamsun-seminar i ein av Hamsun-kommunane eller på Hurtigruta om 2-3 år.
|