| Åpent
27.juni - 08.august
kvar dag frå kl. 13.00 - kl. 17.00.
Informasjon/bestilling:
90738489 61212547
Knut Træe
startside
Bautaen
Hamsunlaget
Bilder
frå
jubileet 2009
Lenker
Hamsun-
nytt

|
|
|
Hamsuniana
Byggeplaner og tegninger for Hamsuniana.
|
|

|
Oppriss

Hamsuniana
Det blir truleg for knapp tid
til å realisere Hamsuniana til 150-års jubileet. Vi tek sikte på å få
gjort ferdig gangstigar, steinmuren og få planta ved bautaen og
Hamsunstugu slik at det ser pent og ryddig ut til jubileet. Så få vi
eventuelt legge ned grunnsteinen den 4. august 2009 og satse på å ha
bygget på plass året etter. Lom kommune har gjeve eit tilsagn på kr.
1 000 000.- til prosjektet, og sist veke fekk vi kr. 500 000.- frå Norsk
Kulturarv og kr. 50 000.-frå forlag 1. Vi reknar med å ha resten
på plass i løpet av eit halvtårs tid. Knut Hamsun-laget i Lom er svært
glade og takksame for alle hjelp så langt.
Den 13. oktober inviterer vi
til ope møte om Hamsuniana. Spesielt ynskjer vi at folk i grenda skal
bli informerte og få høve til å kome med sine synspunkt og innspel til
kva Hamsuniana kan bli for Garmo.
|
|

Fasade mot vest
Nå ser det endeleg
ut til at vi skal klare å realisere
prosjektet som Tore Hamsun og venene Hans og
Christiane Undset Svarstad planla da dei arbeidde med å restaurere
Hamsunstugu for 50 år sidan. Arkitekt Torbjørn Fjeldstad har laga fleire
utkast til bygget. I vinter kom han med nye planar som styret fann svært
interessante, og vi bestemde oss for at nåmå planane realiserast. Torbjørn
er godt kjent både med Garmostrædet, Hamsunstugu og Knut Hamsuns liv og
forfattarskap. Han er jamvel i slekt med Nobelprisvinnaren i litteratur som
tro sine barnesko på Træet før han flytta til
Hamarøy. Torbjørn har vist stor respekt
for, og teke omsyn til, kulturlandskapet, dei freda gardstuna, Hamsunstugu
og minnesteinen da han utforma Hamsuniana. Publikumsarealet skal kunna
brukast til mindre seminar, intimkonsertar, utstillingar og møte. Det blir
plass til boksamlinga vår, og tillegg får vi plass til lager, kontorplass og
minikjøken. Og sist, men ikkje minst, får vi toalett både for besøkjande og
tilsette.
Vi planlegg å opne huset 4.august 2009. Da er 150 år sidan Knut Hamsun vart
født.
Det gledelege er at Lom kommune har vedteke å gje oss eit tilskot på 1
million kroner til delfinansiering av Hamsuniana. Prosjektet, inklusiv
inventar, utstilling med meir vil koste ca. 3,5 millionar kroner. Derfor
treng vi meir pengar.
Har du lyst til å hjelpe oss med å finansiere prosjektet, er du hjarteleg
velkomen til å vera med! Ta kontakt med styreleiar Torunn Kjøk, tlf. 0047
90738489
eller e-post
tkjok@online.no
Planane og framdrift blir
presentert på
www.hamsunlaget.no



Knut Hamsun-laget i Lom
Knut Hamsuns fødested
Åpent 22.juni - 10.august
kvar dag frå kl. 13.00 - kl. 18.00.
Informasjon/bestilling:
61212420 61212738
90738489 61212547
Norsk Kulturråd
forlag
1
|
|