| Bautaen på Garmostrædet
Etter 2. verdskrig var mange i Lom sinte på Knut Hamsun. Likevel vart det arbeidd aktivt
for å reise ein bauta til 100-års dagen for hans fødsel i 1959. Lom Heimbygdslag såg
det som si oppgåve å få reist ein bauta over den store diktaren. Bilethoggar Rasmussen
hadde modellert relieffet. Det vart støypt i bronse i Lom av brørne Erling og Reidar
Nyrnes.
Sjølve steinen fann Rasmussen i eit
steinbrot i Vågå. Steinen vart hogge til av Johs. Myrom, Vågå. OKB (Ottadalen
kommunale billag) stod for transporten, og hjelpte til med å reise steinen saman med folk
frå ungdomslag, idrettslag og andre i Garmo. Den 20. juni 1960 vart steinen overlevert
Lom kommune. Totalt kosta bautaen kr. 4 500.
Illustrasjonen til høgre er henta
frå bautaen. |