|
Åpent
20.juni - 16.august
kvar dag frå kl. 13.00 - kl. 18.00.
Informasjon/bestilling:
90738489 61212547
Hamsuniana
Bautaen
Hamsunlaget
Lenker
Hamsun-
jubileet
2009
Markens
grøde
2009
 |
|
Knut Pedersen Garmostrædet
Knut Hamsun vart (jfr. han sjølv og
familien) født på Garmostrædet i Garmo 4. august 1859. Tre veker seinare vart han
døypt i den gamle stavkyrkja på Systun Garmo som nå står på Maihaugen. Guten fekk
namnet Knut Pedersen Garmostrædet. Til dagleg vart han berre kalla Knut Træe. Familien
budde på Garmostrædet til dei flytta til Hamarøy i Nordland da Knut var ca. 3 år
gamal.

Kopi av postkort sendt frå Knut Hamsun med påskrift: Ja her blev en fattig
Stakkar født for Aar og Evigheder siden! ...Mor til Knut var frå Garmostrædet og faren kom frå Skultbakken
på Tessand. Dei møtte kvarande da dei båe tente på Viste i Vågå. Den eldste sonen
vart født før dei gifta seg. Bryllaupet stod på Viste, og det skulle vera eit stort
gjestebod. I Garmo vart det sagt "at han Peder Skultbakka gjorde så stort eit
gjestebod at han vart skuldig all sin dag"
I oppveksten på Hamarøy fekk Knut høyre om Lom og Gudbrandsdalen. Truleg vart Garmo og
Lom framstilt som svært så attraktivt av dei vaksne som kanskje hadde vanskar med å
finne seg til rette i den nye landsdelen. I alle fall ville Knut attende, og hausten 1873
kom han og budde eit års tid hos gudfaren sin, Torstein Hesthagen i Garmo. Sommaren 1874
gjekk han for presten i Lom. Saman med dei andre ungdomane frå Garmo og Vårdalen, gjekk
dei den lange vegen til Lom prestegard når dei skulle ha konfirmasjonsførebuing. Knut
vart konfirmert i Lom stavkyrkje 4. oktober 1874.
Knut kan ha vorte skuffa over det han møtte i Garmo. Huset der han vart født og familien
budde i, var flytta til Hesthagen og brukt som smie. Torstein Hesthagen hadde
landhandleri, og på "Hesthågå bun" fekk Knut prøve seg som butikkgut for
fyste gong. I løpet av den tida han budde i Garmo, vart han truleg kjend med Ole Tykket.
Dei skulle seinare kome til å vandre saman som kramkarar i Nordland. Minna frå barn- og
ungdomsåra har sett spor i Hamsun si dikting. Mellom anna er heile handlinga i
Bjørger lagt til Lom. Stadnamn og namn på personar knyter seg til gardar og slekter i
Bøverdalen. I romanen Victoria beskriv Hamsun kvern og kverndammen på ein slik måte at
det er nærliggjande å tru at han her minnest dammen og kverna ved elva Vulu i Garmo. .I
Markens Grøde seier Geisler:" Jeg husker frå jeg var halvannet år: Jeg stod og
svaiet på låvebroen på Oppigard Garmo i Lom og kjendte en bestemt lugt. Jeg kjenner den
lugt endda." Da Knut Hamsun fylte 75 år kom han og Marie i bil til Lom. Folk i Garmo
møtte fram ved vegen for å få helse på den store forfattaren. Men Knut Hamsun kunne
vera sjenert, og han bad Marie kjører vidare utan å stanse. Mange vart skuffa over at
dei ikkje fekk møte Nobelprisvinanren i litteratur. 75 års dagen vart feira på Fossheim
Hotell i Lom. |
|
|

Portrett av Knut Hamsun som
konfirmant fotografert i Lom i 1874 frå boka Knut Hamsun og fødebygden Lom av
Christianne Undset Svarstad. Foto opprinneleg kliché utlånt frå Gyldendal.



Knut Hamsun-laget i Lom
Knut Hamsuns fødested
Åpent 22.juni - 10.august
kvar dag frå kl. 13.00 - kl. 18.00.
Informasjon/bestilling:
61212420 61212738
90738489 61212547
Norsk Kulturråd
forlag
1 |
|
|